Husredaksjonen
Meny
Husbanken eit marknadskorrektiv og bustadsosialt verktøy

Husbanken eit marknadskorrektiv og bustadsosialt verktøy

Husbanken vart oppretta for å byggje opp att landet etter andre verdskrig. Den starta som ein bank for bustadforsyning, men er i dag ein velferdsetat. I starten var private kundar viktigast, men no er kommunane den mest sentrale målgruppa. 


Det er i dag ikkje eit mål at Husbanken skal finansiere flest mogeleg bustader. Dette skal dei private bankane syte for. Husbanken har derimot ein funksjon som marknadskorrektiv, det vil seie, vere eit bustadpolitisk verktøy for å fremje bærekraft i nye og eksisterande bustader. Husbanken skal og vere eit bustadpolitisk verktøy for styresmaktene i økonomiske nedgangstider. Utover dette har banken bustadsosiale oppgåver som å hjelpe personar med vanskar på bustadmarknaden. Dette kan skje gjennom startlån og ulike stønadsordningar som bustønad og butilskot.

Husbanken sine tilbod
Det kan nyttast til å byggje nye bustader, utbetre bustader, byggje om bygningar til bustader og til kjøp av nye og brukte utleigebustader for prioriterte grupper. Her vert det stilt kvalitetskrav innan miljø, energi og universell utforming for å få lån.

Husbanken har to hovedoppgåver: Arbeide for å byggje bustader som er miljøvenlege og universelt utforma. Den andre hovedoppgåva er bustadsosiale tiltak. Her er det mange stønadsordningar, der bustønad er eit sentralt tilbod for personar med låg inntekt og høge buutgifter. Utbyggjarar kan elles søkje om kompetansemidlar til utviklingsprosjekt.

Kven kan få startlån?
Gjennom si regionale organisering har Husbanken god kunnskap om den kommunale bustadsituasjonen. Her tilbyr Husbanken økonomiske midlar til kommunane, som kan låne ut pengar i forma av startlån. Dette er ei låneordning, som vert forvalta av kommunane og skal nyttast til å kjøpe bustad. Startlånet skal hjelpe personar som har vanskar med å etablere seg på bustadmarknaden, der førstegongsetablerarar med svak økonomi vert prioritert.

Husbanken er regjeringa sitt sentrale gjennomføringsorgan for å nå bustadpolitiske mål. Her er kommunane Husbanken sin viktigaste samarbeidspart. Deira engasjement er ein føresetnad for å lukkast i arbeidet andsynes vanskelegstilte og ungdom. Husbanken legg stor vekt på å utvikle samarbeidet mellom dei seks regionkontora og kommunane. 
Husbanken har to hovudoppgåver: Arbeide for å byggje fleire miljøvenlege og universelt utforma bustader, godt bumiljø og god byggeskikk. Den andre hovudoppgåva er bustadsosiale tiltak. Her er det mange stønadsordningar, der bustønad er eit sentralt tilbod for personar med låg inntekt og høge buutgifter, seier Mabel Johansen, regiondirektør i Husbanken Vest.Her ønskjer Husbanken å rettleie og leggje til rette for kommunane sitt eige bustadpolitiske arbeid, der kommunane skal kunne få den hjelpa dei treng ut frå sine eigne føresetnader. Gjennom regionkontora har Husbanken eit særs godt utgangspunkt for å kunne ta omsyn til regionale ulikskapar. Gjennom årelang kontakt med kommunane har vi såleis skaffa oss mykje kommunekunnskap.

Kommunale nettverk
Det er ei hovudoppgåve for Husbanken å formidle bustadkompetansen sin til kommunane. Eit ledd i dette arbeidet har vore å utvikle eigna verktøy for å gjennomføre bustadpolitikken. Etablering av kommunenettverk er ein annan måte å sikre erfaringsoverføring til og mellom kommunane på. Denne arbeidsmåten vert mellom anna brukt i samband med strategien ”På vei til egen bolig”.

Husbankens historie
Grunna rentesubsidiering var den første etterkrigstida ein lågrenteperiode i likskap med dagens situasjon. På 1950-tallet fekk vi nedgangstider for bustadbygginga, der Husbanken ikkje lenger kunne gi lån til alle. Banken fekk gjennom nasjonalbudsjettet bindande rammer for verksemda si. Bustadbygginga auka fram mot 1970 takk vere industrielle produksjonsmetodar og meir pengar til bustadføremål. Her medverka Husbanken sterkt til framveksten av dei mange drabantbyane. 1970-åra var ekspansive, men motsetnadsfylte. Høg inflasjon førte til aukande byggje- og tomtekostnader. Norsk bustadbygging nådde ein topp i 1973 med nesten 45.000 fullførte bustader, der ca. 70 % vart finansiert gjennom Husbanken. På denne tida kom det også eigne lån til utbetring og miljøtiltak.

Deregulering av bustadmarknaden
På 1980-talet vart bustadmarknaden liberalisert, mellom anna gjennom oppheving av forkjøps- og prisregulerande reglar. Selektive verkemiddel, til dømes eigenkapitallån (etableringslån) til unge i etableringsfasen, fekk ein større plass i bustadfinansieringa og den generelle subsidieringa vart redusert. Husbanken var her sterkt engasjert i den planmessige byfornyinga.

Gjeldskrise og omlegging
1990-åra starta med økonomiske nedgangstider, gjeldskrise og samanbrot i det private bankvesenet, slik at Husbanken finansierte nesten all bustadbygging. Banken gav frå midten av 90-talet behovsprøvde tilskot, medan generelle rentesubsidiar på lån vart redusert. Samstundes vart bustader med god kvalitet som til dømes livsløpsstandard og gode uteområde premiert med auka låneutmåling.

Frå bustadbank til velferdsetat
Ved tusenårsskiftet hadde folk flest ein god bustadstandard, og Husbanken utvikla seg til å bli ein velferdsetat. Husbanken og kommunane skulle hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden og samstundes sikre god bustadkvalitet. I 2005 var Husbanken ein viktig bustadsosial aktør, og meir enn 120 000 husstandar tok imot bustønad frå Husbanken kvar månad. Husbanken er i dag ei kunnskapsbedrift og eit kompetansesenter innan bustadsosiale spørsmål, og har spisskompetanse på satsingsområde som universell utforming, lågenergi og byggjeskikk. Viktige samarbeidspartnarar er kunnskaps – og læringsmiljø.

Vil du ha vår huskatalog?

Vil du ha e-post eller få den tilsendt i posten? Bestill huskatalog

Gratis husbyggerskole

Husbyggerskolen er en serie med artikler som tar deg gjennom hele byggeprosessen.

Meld deg på

Boliglån

Prøv boliglånskalkulatoren til DNB.

PRØV NÅ
Siste artikler
De deler ferieparadiset broderlig
Bygge hus

De deler ferieparadiset broderlig

Tomten på vakre Moen i Risør har vært i familiens eie i over 100 år. Nå har to brødre bygget nytt hus på det flotte...
Bygget Paradis i Høvåg-idyllen
Bygge hus

Bygget Paradis i Høvåg-idyllen

Etter flere år i tenkeboksen, gjorde Åse Anita Halvorsen alvor av tankene om å selge huset i Høvåg og bygge nytt – ba...
Familien stortrives i Peiskos
Bygge hus

Familien stortrives i Peiskos

I Tvedestrand har familien Jeppestøl bygd hus på luftige Tangenheia, og de var aldri i tvil om hva slags hus de skull...